👋 Hei, Norsk friluftsliv har lansert nye nettsider!

Du ser nå på en utdatert versjon, besøk heller våre nye sider.

Norsk friluftslivs nettsider →

Snøscooterløyper tilfører ikkje reiselivet positiv verdiskaping

Publisert – Sist oppdatert 30.01.2020

Dette var ein av Lom kommunes konklusjonar då dei vurderte å søke å få være med på den nye forsøksordninga for rekreasjonsløyper for snøscooter.

Dette var ein av Lom kommunes konklusjonar då dei vurderte å søke å få være med på den nye forsøksordninga for rekreasjonsløyper for snøscooter.

 

Bjarne Eiolf Holø, ordførar i Lom, opplyser at det i Lom ikkje er noko politisk ynskje om å opne for slike løyper. Det har heller ikkje vore noko sterkt ynskje frå lokalt næringsliv å legge til rette for slik aktivitet.

 

Det er etter Lom kommune sitt syn vanskeleg å sjå aktuelle område for etablering av snøskuterløyper i Lom utan at det kjem i konflikt med vilkåra som er sett i forsøksordninga. Om lag 60 % av kommunen sitt areal verna etter naturmangfaldlova, i tillegg kjem det nasjonale villreinområdet i Ottadalen og område nytta til tamreindrift på vinteren (dei to siste ligg i stor grad innanfor verneområda). I tillegg må terreng- og snøtilhøve ligge til rette for etablering av slike løyper. Ein må gå ut i frå at slike rekreasjonsløyper må omfatte eit relativt stort areal/ ha tilstrekkeleg lengde for at dei skal vere attraktive for brukarane.

 

Reiselivet i kommunen har gjennom fleire generasjonar bygd opp eit svært godt omdømme basert på verdiar innanfor tradisjonelt friluftsliv og naturoppleving. Etter Lom kommune sitt syn er det mindre sannsynleg at etablering av snøskuterløyper for fornøyelse-/ rekreasjonskjøring vil tilføre reiselivet i kommunen positiv verdiskaping.

 

Videre vurderer Lom kommune oppretting av snøskuterløyper etter denne forsøksordninga som ein omfattande og ressurskrevjande prosess. Samla sett er det derfor lite tenleg for kommunen å delta i forsøksordninga.

 

105 kommunar søkte om å få vere med på forsøksordning for rekreasjonsløyper for snøscooter innan fristen 1.september.

 

(foto: Lom kommune)

Del denne artikkelen