– Naturen gir energi og livsglede! Inviter med ein venn neste gong du skal ut, det bidreg til at enda fleire oppdagar gleden ved å vere ute i naturen, meiner Liv Kari Eskeland.
Liv Kari Eskeland (50) er Høyrepolitiker i Stord kommune, og en av hundrevis av politikere som skal sove ute på #nattinaturen 5. september. – Naturen gir energi og livsglede! Inviter med ein venn neste gong du skal ut, det bidreg til at enda fleire oppdagar gleden ved å vere ute i naturen, meiner Liv Kari Eskeland.
-Hvorfor sa du ja til å være med på #nattinaturen?
Som ambassadør for Friluftsrådenes landsforbund har eg gleda av å promotere friluftsliv i alle samanhengar, og over alt. Å få lov til å bruke naturen vår gir energi og gir kreativitet og livsglede. Reine kinderegget 🙂
-Når sov du sist ute?
Eg var med på ordførarstafetten i samband med åpninga av Friluftslivets år i januar, men tjuvstarta litt – 11. januar tok eg med meg alle ordførarane i Sunnhordland, og sov i lavvo saman med dei etter at vi hadde hatt gode bålsamtaler med næringsliv, ungdomsråd, studentorganisasjoner med meir. Les meir her.
-Hvorfor er friluftsliv viktig for deg?
Det er ein gratis ressurs som alle kan nytta!
-Hva gjør du vanligvis når du er ute i naturen?
Akkurat no er favoritten kajakkpadling, men dette varierer.
-Hvor ofte er du ute i naturen?
Prøver å få til eit par turar i veka.
-Hva er ditt favorittsted i naturen (i Norge) og hvorfor?
Det må bli Hystadmarka i Stord kommune – nært og vakkert!
-Hva er ditt beste friluftsminne?
Her er det uendeleg mykje å ta av: På vakt morgonen i teltopninga framom hjortetråkket i oktober, solnedgang over Slåtterøy fyr, lukt av vår frå skogbotn, første kvitveis om våren, havet bølgande av småkval i fjorden, nyklekka fugleunge i reiret…
-Ditt beste «friluftstips» til andre?
Det må vera at det er alltid godt å koma seg ut i naturen, eg har ikkje angra ein einaste gong, det gir alltid glede og energi – og ein får reinska hovudet for tankar og påfyll av nye gjennom sansane.
-Hvordan kan vi få flere ut i naturen?
Inviter med ein venn neste gong du skal ut, og be vedkomande invitere med ein venn gongen etter. #nattinaturen er ein glimrande måte å få fleire til å tenke at det går an å sove ute og nyte naturen.
#nattinaturen – bli med!
Kjenner du noen som burde vært på lista, eller er du selv politiker og ønsker å være med? Send oss en e-post til nattinaturen@norskfriluftsliv.no så ordner vi det! Her finner du listen over politikere som allerede er påmeldt.