Siri Næss and Thomas Hansen (2012) har analysert to store nasjonale datasett og undersøkt i kva grad tilknyting til og bruk av natur faktisk gjev eit lykkelegare liv. Dei påviser at aktive brukarar og «elskarar» av natur ofte er meir nøgde med livet og har meir positive og færre negative kjensler. I panelanalysen deira (dvs…. Read more »
Siri Næss and Thomas Hansen (2012) har analysert to store nasjonale datasett og undersøkt i kva grad tilknyting til og bruk av natur faktisk gjev eit lykkelegare liv. Dei påviser at aktive brukarar og «elskarar» av natur ofte er meir nøgde med livet og har meir positive og færre negative kjensler. I panelanalysen deira (dvs. same gruppe spurt i to omgangar, i 2002/03 og i 2007/08) fann dei at blant dei som hadde blitt meir glad i naturen løpet av denne tida, også har blitt meir nøgde med eige liv og fått fleire positive kjensler. For dei som har byrja bruke naturen meir, så gjev det berre utslag i form av at dei har fått færre negative kjensler.
Resyme av Vistad, i Friluftsliv i Norge anno 2014 – status og utfordringer
Les forskningsartikkelen her: Naturelskere og naturbrukere