👋 Hei, Norsk friluftsliv har lansert nye nettsider!

Du ser nå på en utdatert versjon, besøk heller våre nye sider.

Norsk friluftslivs nettsider →

Kampen for urørt natur er ikkje over

Publisert – Sist oppdatert 30.01.2020

Den prisvinnande dokumentarfilmen «Kampen om fjordane» blir vist på kino frå 11. november. – Dette er ein film om kjærleik til naturen. Filmen handlar om at det er viktig å sei i frå og kjempe for det du trur på, seier regissør Vigdis Nielsen. Det som starta som ein kamp for urørt natur, utviklar seg til å… Read more »

Den prisvinnande dokumentarfilmen «Kampen om fjordane» blir vist på kino frå 11. november. – Dette er ein film om kjærleik til naturen. Filmen handlar om at det er viktig å sei i frå og kjempe for det du trur på, seier regissør Vigdis Nielsen. Det som starta som ein kamp for urørt natur, utviklar seg til å bli ein kamp for sjølve demokratiet.

 

SynnøveI filmen følger vi Synnøve Kvamme (22), som kjempar mot Staten og energi-gigantane for å bevare unik norsk natur. Arrestasjonen av den bunadskledde ungjenta vart for mange symbolet på mastemotstanden i Hardanger.

Bygdefolket sin kamp for naturen
Synnøve er villig til å gå i fengsel for å redde fjella og naturen. Ho vil ikkje ha «monstermaster» gjennom det vakre fjordlandskapet i heimbygda. Trassig kjempar ho mot regjeringas vedtak og Statnett sine planar. Bygdefolket blir møtt med truslar om namsmann og ekspropriasjon. Dette er Davids kamp mot Goliat. Ikkje sidan protestane mot utbygging av Altaelva har eit naturinngrep blitt møtt med så sterke reaksjonar.

Mista trua på demokratiet
-Folk i Hardanger er utruleg sterkt knytt til naturen, til fjord og fjell. Eg har valt å sjå historia frå Hardanger og visa korleis vanlege folk her opplevde vedtak og byggeprosess. Denne saka fekk mange i Hardanger til å melde seg ut av politiske parti, og mange mista trua på myndigheiter og rettsvesen, fortel Vigdis.

kraftlinjer i fjellet – Dette er ein film som eg trur avdekker svakheiter ved det norske demokratiet i denne typer saker, meiner Vigdis.

– Naturen er vårt grøne gull.
-Dette er ein viktig film som alle som er glad i norsk natur og friluftsliv bør sjå. Norsk Friluftsliv er opptatt av å bevare det naturgrunnlaget i Noreg. Naturen er vårt grøne gull, og har stor verdi både for folkehelsa – og for det vi skal leve av i framtida. Det er mangelvare på store urørte naturområder i Europa. I Noreg har vi dei unike fjordene og fjella – og vi ser at både nordmenn og turistar frå utlandet i stadig større grad trekk hit for å oppleve det storslåtte i norsk natur. Vi har både eit ansvar og ein mulighet til ta vare på dette. Naturens eigenverd må i mykje større grad vektleggast i arealkonflikter, seier Lasse Heimdal, generalsekretær i Norsk Friluftsliv.

Her kan du sjå filmen: 
Det vert kinovisning med debatten «Må vi ofre den norske naturen for å nå klimamåla?» i fleire norske byar frå 11. november: Stavanger, Oslo, Trondheim, Tromsø, Stryn og Alta.

Bestill billett her:
http://www.filmweb.no/film/article1270535.ece

Følg «Kampen om fjordane» på facebook

Les lederartikkelen i Bergens Tidende «Maktmisbruk i Hardanger».

«Maktovergrepa er ein repetisjon som peikar framover» Klassekampen – terningkast 5

Regissør Vigdis Nielsen , opphavleg frå Ulvik, har lang erfaring frå TV, kort- og dokumentarfilm, m.a. «Olav H. Hauge – Den andre mannen». 

Komponist og musikar Nils Petter Molvær er verdskjent for sin banebrytande kombinasjon av jazz og elektronisk musikk.


«Jeg blir provosert når ”makta” tar seg til rette, og overkjører naturvern, 
lokalsamfunn og folk for kortsiktig profit slik den nå og gjør i Førdefjorden»
-Nils Petter Molvær

 «Ein sterk dokumentar om makt og motmakt i kampen for å ta vare på norsk natur»
-Lars Haltbrekken, tidlegare leiar i Naturvernforbundet

«Gripande og skremmande om monstermastene i Hardanger, prosessen og kampen mot dei. Eg sat med klump i halsen gjennom mykje av filmen»
-Ruth Lillegraven, forfattar

Annonse Kampen for fjordane

Del denne artikkelen