Matilda Annerstedt (2011) har i doktorgraden sin i miljøpsykologi både diskutert breidde og innhald i miljøpsykologilitteraturen og gjort eigne studiar – først og fremst i eit folkehelseperspektiv. Ho avleier frå litteraturgjennomgangen kor viktig det er å ha eit sterkt folkehelseresonnement til det å sikre skogar og andre grøne miljø, særleg i og rundt byar og… Read more »
Matilda Annerstedt (2011) har i doktorgraden sin i miljøpsykologi både diskutert breidde og innhald i miljøpsykologilitteraturen og gjort eigne studiar – først og fremst i eit folkehelseperspektiv. Ho avleier frå litteraturgjennomgangen kor viktig det er å ha eit sterkt folkehelseresonnement til det å sikre skogar og andre grøne miljø, særleg i og rundt byar og vekstområde – både pga. direkte gunstig mental effekt på folk, som arena for fysisk utfalding og fordi slike område reinsar lufta og verkar generelt positivt på det fysiske bymiljøet. Når det gjeld si eiga forsking er ho forsiktig i konklusjonen, men meiner å ha påvist sterke indikasjonar på at det å «utsetje seg for natur» aktiverer det parasympatiske nervesystemet i mennesket, som er ein del av det autonome nervesystemet – det som fungerer i kraft av seg sjølv og er aktivt når kroppen er i kvile. Det verkar til både å redusere puls og blodtrykk. Dette er på sett og vis nervesystemet som «bremsar» kroppen. I høve til temaet natur og folkehelse konkludere ho med at både politikk og handling må ta leveområda og bumiljøa meir på alvor og sikre tilgang til naturen. Resyme av Vistad, i Friluftsliv i Norge anno 2014 – status og utfordringer
Les forskningsartikkelen her: Nature and Public Health: Aspects of Promotion, Prevention, and Intervention